A A A
Kontrastverktøy Kontrastverktøy

Fornying av konsesjon, Fortun - Grandfasta

konsesjon_512x469

Norsk Hydro fekk konsesjon til å regulere Fortun-Grandfasta vassdraga 25. januar 1957. Konsesjonen hadde ei varigheit på 60 år, og gjekk ut i januar i år. Hydro søkjer no om å fornye reguleringskonsesjonen. Det er ikkje søkt om nye reguleringar eller andre nye inngrep.

Høyringsfrist 8.12.2017

Søknaden blir handsama etter reglane i vassdragsreguleringslova § 6.

NVE vil halde eit ope møte i løpet av høyringsperioden. Tid og stad blir kunngjort av NVE seinare. På møtet vil NVE orientere om sakshandsaminga, og søkjar vil gjere greie for reguleringssystemet.

Søknaden og fagrapportane kan lastast ned frå NVE sine sider  og er i tillegg lagt ut til offentleg gjennomsyn på fylgjande stader:

Årdal kommune: på tenestetorget på Rådhuset
Luster kommune: på Rådhuset og på biblioteket i Gaupne
Lom kommune: på kommunehuset
Skjåk kommune: på servicekontoret på kommunehuset

De kan få ein papirversjon av søknaden ved å kontakte Stein Øvstebø på stein.ovstebo@hydro.com, eller tlf. 41 04 36 29.  

Fråsegner sendast gjerne via internett www.nve.no/konsesjoner, til nve@nve.no eller i brev til NVE – Konsesjonsavdelinga, Postboks 5091, Majorstua, 0301 OSLO så snart som mogeleg og seinast innan 8. desember 2017.

Tips ein ven Skriv ut