A A A Svart på hvitt - normalt Hvitt på svart

Forfattarmøte med krimdebutant Ole Ramshus Sælthun. Onsdag 23.11. kl.19.00



Ole Ramshus Sælthun_330x220.jpg

Denne kvelden får vi besøk av krimdebutanten Ole Ramshus Sælthun frå Lærdal. Han har nettopp gjeve ut boka Jotunheimens løyndommar - Einstøingen på eige forlag. Handlinga av boka føregår i Indre Sogn og Hurrungane. Ramshus er ein ihuga krim- og toppturentusiast, noko boka ber preg av. Han kjem til oss for å snakka om korleis det er å debutera som forfattar, skriveprosessen og kva han har late seg inspirera av. 

 

Vi har boka til utlån på biblioteket, og det vert mogleg å kjøpa han etter arrangementet. 

Arrangementet er gratis
Lett servering.