A A A
Kontrastverktøy Kontrastverktøy
Heim/Tenester/Politikk/Val 2019/Førehandsrøysting

Førehandsrøysting

Måndag 12. august startar den ordinære førehandsrøystinga. Du kan røyste på førehand heilt fram til og med 6. september.

Førehandsrøyste kan du gjere kvar som helst i heile landet i førehandsrøysteperioden.

Ordinær førehandsrøysting
Den ordinære førehandsrøystinga startar måndag 12. august innanriks og 1. juli utanriks (vallova § 8-1 (1)).
Førehandsrøysting utanriks vert avslutta 1. september. Førehandsrøysting innanriks vert avslutta 6. september.

Kvar kan du førehandsrøyste i Årdal

 

Tenestetorget, rådhuset
Mandag - fredag kl. 08.00 - 15.00
Tysdag 3. september ope til kl. 18.00.

Eldresenteret, Øvre Årdal

Tysdag 13. augustkl. 09.00 - 13.00
Tysdag 20. augustkl. 14.00 - 18.00
Tysdag 27. augustkl. 09.00 - 13.00
Torsdag 29. augustkl. 14.00 - 18.00


Årdal bu- og omsorgssenter - ÅBO (gjeld og ved behov for røysting i pasientrom)
Onsdag 4. september kl. 10.00 - 15.00

Årdal sjukheim (gjeld og ved behov for røysting i pasientrom)
Torsdag 5. september kl. 10.30 - 12.00

Seimsdal sjukeheim (gjeld og ved behov for røysting i pasientrom)
Torsdag 5. september kl. 12.30 - 13.30
 

Ambulerande røysting
Veljarar som er sjuke eller uføre og ikkje kan røyste på valdagen eller der det blir halde førehandsrøysting, kan etter søknad til valstyret, førehandsrøyste der dei oppheld seg (ambulerande røysting), jfr vallova § 8-3 (6).  Dette må søkast om innan tysdag 3. september 2019 kl. 12.00 til Årdal kommune, valstyret. Ring Tenestetorget på tlf 57665000  for å avtale eller send brev.

Oppheld du deg i utlandet?
Dersom du bur eller av andre grunnar oppheld deg i utlandet eller på Svalbard og Jan Mayen, kan du stemme på førehand på norske utanriksstasjonar eller hos særskilt oppnemnde stemmemottakarar, eller du kan brevstemme. Les om korleis du forhåndsstemmer i utlandet.

Tips ein ven Skriv ut