Førehandskonferanse

Førehandskonferansen er ein frivillig ordning, inntil den vert kravd enten av tiltakshavar eller av kommunen. Når førehandskonferanse er avtalt skal den gjennomførast i samsvar med lov og forskrift. Det vert understreka at formålet med et slikt møte vil være gjensidige orienteringar for avklaring av tiltaket sin art, omfang og konsekvensar, og dermed føresetnader og rammer for seinare sakshandsaming av søknad eller melding. Det må derfor understrekast at ein førehandskonferanse ikkje må forvekslast med ordinær sakshandsaming. Det vil difor ikkje bli fatta nokon form for vedtak, eller teke avgjerd som har rettslege bindingar.

Førehandskonferanse kan bli brukt i alle type saker om tiltak etter plan- og bygningslova, uavhengig av storleik og problemgrad, også for tiltak som er unnateke krav om sakshandsaming, og tiltak som vert gjennomført etter melding. Ein førehandskonferanse skal haldast før innsending av søknad eller melding. Kommunen eller tiltakshavar kan invitere representantar for andre berørte partar og organ til konferansen, etter at partane på førehand er orientert om dette.

Det skal førast referat frå førehandskonferanse, jfr. reglane i plan- og bygningslova § 21-1, og forskrift om saksbehandling og kontroll i byggesaker § 6-1. Kommunen har ansvar for referatet som skal godkjennast av tiltakshavar og/eller søker og underteiknast av begge partar (tiltakshavar/ansvarleg søker og sakshandsamar) ved møteslutt. Tiltakshavar/(ansvarleg) søker skal samtidig ha kopi av referatet.

Det vert understreka at referatet vil basere seg på det underlag av teikningar og anna dokumentasjon som tiltakshavar/søker har brukt i sin utgreiing. Seinare endringar i tiltakshavar/(ansvarleg) søkar sine eigne føresetnader vil kunne endre prosjektet sine avklarte rammeføresetnad gjennom førehandskonferanse.

Protestar, fråsegn og klager kan medføre ein justert framdriftsplan for sakshandsaminga. Tilsvarande kan forhold som ein avdekkjer gjennom naboklage og fråsegn frå offentlege etatar medføre krav om endring av planlagde tiltak, eventuelt endring av sakshandsamingsprosessen.

Tips ein ven Skriv ut