A A A
Kontrastverktøy Kontrastverktøy
Heim/Tenester/Tenesteskildring

Følgjekort for funksjonshemma

Kven får tenesta:
Personar med funksjonshemming som gjer at dei er avhengige av å ha med seg følgje av ein eller fleire personar for å kunne delta på fritidsaktivitetar/andre sosiale aktivitetar.
 
Korleis få tenesta
Ein søkjer på kommunen sitt søknadsskjema. Dette kan ein få på tenestetorget eller hjå sakshandsamar. Ein kan også finne søknadsskjema på kommunen si nettside.
 
Kva  omfattar tenesta
Den som får følgjekort får eit kort der det står opplysningar om personen, kor mange personar den har behov for følgje av og kor lenge det varer.
 
Forpliktingar for brukar
Oppgi alle personopplysningar samt syte for at opplysningane som vert gitt er korrekte.
Den som vert innvilga følgjekort må hugse å sende inn eit passbilete til kommunen da det skal vere eit bilete på kortet.
 
Kva kan eg forvente av dei tilsette:
  • At du vert møtt på ein respektfull og høfleg måte
  • At du får forsvarleg hjelp med dei oppgåvene som skal løysast.
  • At sakshandsaminga skjer på ein korrekt måte jfr. Forvaltningsloven
Pris/kostnad/tilskotsordningar
Tenesta er vederlagsfri.
 
Heimelsgrunnlag for tenesta
Forvaltningsloven §2b.
 
Når ting ikkje fungerer
Dersom du ikkje er nøgd med den måten du vert møtt på, bør du melde frå til leiar for spesialomsorg.
 
Klage
  • Finn du grunn til å klage på vedtaket som er gjort, ta kontakt med sakshandsamar som kan hjelpe deg vidare i prosessen.
  • Klagen må vera skriftleg og skal innehalde grunngjeving for klage. Den må sendast spesialomsorg innan fristen på klage som er tre veker. 
  • Dersom du ynskjer det kan du få hjelp frå sakshandsamar til å skrive klagen.
  • Dersom spesialomsorg ikkje finn grunn til å endre på vedtaket går klagen til behandling i formannskapet i Årdal kommune.
Brosjyrar, anna/meir informasjon
Ein kan ta kontakt med sakshandsamar dersom ein har fleire spørsmål ang. tenesta.
 
Praktiske opplysningar
Søknad skal sendast til Årdal kommune, Statsråd Evensensveg 4, 6885 Årdalstangen eller til postmottak@ardal.kommune.no