A A A
Kontrastverktøy Kontrastverktøy
Heim/Tenester/Sjølvbetjening

Følgjekort for funksjonshemma

Føremålet med tenesta

Følgjekort er eit dokument i form av eit kort som vert utsendt til den funksjonshemma. Følgjekortet gir følgjepersonen fri tilgang til offentlige kultur – og fritidsarrangement samt offentlege transportmiddel som den funksjonshemma ikkje ville kunne delta i/ nyttiggjere seg utan bistand. Dette vil sei at korthavar kun må betale for sin eigen billett.

Følgjekortet gjeld for adgang til dei aktivitetar, byggingar, transportmidlar etc som har akseptert ordninga. Ordninga er landsomfattande og kan brukast over kommune – og fylkesgrense. Det skal vere eit skilt på plassar der ordninga er akseptert, men fleire plassar er dette ikkje i orden og det er viktig å spørje etter dette.

Følgjekortet utstedes gratis av søkjar sin bustad kommune. Nedre aldersgrense er 8 år. Men dette er ei skjønnsmessig vurdering som vert gjort av sakshandsamar.