A A A
Kontrastverktøy Kontrastverktøy
Heim/Tenester/Sjølvbetjening

Flyktningskonsulent

Flyktningar som er busette i kommunen.

Ta kontakt med NAV, Årdal på telefon: 55553333
Epost: postmottak@ardal.kommune.no
Kontoradresse: Statråd Evensensveg 4/6, 6885 Årdalstangen

Generelt om tenesta:

Årdal kommune har eiga flyktningteneste, med sosialkonsulent tilsett i 100 % stilling. Som flyktning med gyldig opphaldsløyve, har du same rettar som andre innbyggjarar i kommunen. Kommunen har vedteke å innføra introduksjonsprogram for flyktningar frå 01.01.2003, som inneber tilrettelegging av arbeid/sysselsetjing og norskopplæring (aktivitet) i inntil to år. Du vil få løn med inntil kr. 7.500,- netto pr. mnd., avhengig av kor mange timar du er aktiv pr. mnd. Du kan ikkje velja bort slik aktivitet til fordel for økonomisk sosialhjelp.

Lovheimel Lov om introduksjonsstønad for flyktningar

Helseundersøking

Dersom du kjem direkte frå utlandet, vil du i løpet av den fyrste veka få avsett tid hjå lege og helsestasjon til utvida helseundersøking. Dersom du kjem frå asylmottak, har du som regel vore gjennom slik undersøking. I motsett fall vert dette gjort her.

Registrering

Sosialkonsulenten vil elles ta deg med til registrering hjå folkeregisteret og lensmannskontoret. Du må då ha med alle reisedokument, evt. pass om du har. Lensmannskontoret vil og gjennomføra ein eigen samtale med deg, for å bli kjend med deg og informera om rettar og plikter du har ut frå opphaldsstatus.

Tolketeneste

Til helseundersøking og samtale med lensmannskontoret brukar vi alltid ekstern tolk dersom du ikkje snakkar norsk. Ved andre avtalar vurderar vi bruk av tolk i kvart enkelt tilfelle. Kommunen dekkar alle utgiftene ved bruk av tolk.

Samarbeidspartar:

  • Aetat
  • Vaksenopplæringa
  • Helsetenestene

Ansvarleg teneste: NAV - sosialtenesta