A A A
Kontrastverktøy Kontrastverktøy

Flott tur med politikameratane

Politikamaratane

I år er det 15. året politiet i Årdal gjennomfører samarbeidsprosjektet som blir kalla «politikameratane».
Alle i 9. klasse (konfirmantane) i Årdal får vera saman med politiet i to dagar. Målet er at ungdom og politiet skal bli bedre kjende med kvarandre og samarbeide for å hindre kriminalitet, ulukker og andre uynskte hendingar.

Dette er eit prosjekt der elevane skal bli kjende med lokal politi i tillegg skal dei kjenna til dei andre nødetatane.

Prosjektet er delt opp i fire tema: 

  • Politiet - ein fortroleg samtale
  • Politiet - UP med laserkontroll
  • Brann beredskapen på Hydro - sløkking av brann
  • Norsk folkehjelp - diverse førstehjelps opplæring

Det blir avslutta med sosial tur til Avdalen med diverse aktivitetar, grilling og overnatting saman med politiet.
Dette er eit arrangemang som elevane ser fram til å vera med på.

Tips ein ven Skriv ut