A A A
Kontrastverktøy Kontrastverktøy

Ferievikarar i psykisk helseteneste og Årdal legekontor sommaren 2020

Ledig stilling

Me har behov for ferievikarar innan psykisk helseteneste og på Årdal legekontor sommaren 2020.
Søknadsfrist 24.02.2020.

PSYKISK HELSETENESTE
treng ferievikarar i tida ca. 01.06.20 - ca. 18.08.20
Me ønsker personar som har erfaring og/eller interesse for å arbeide med menneske med psykisk liding.
Me oppmodar spesielt personar som er under utdanning innan helse - og sosialfag til å søka.
Arbeidet er i psykisk helseteneste sine lokale. I tillegg er det arbeid i form av heimebesøk og aktivitetar.
Det er turnusarbeid, med lange vakter på helg. 
Søkjarane må vera over 18 år  og det er krav om sertifikat. 
Politiattest vert kravd framlagt, jf. Helse- og omsorgstenestelova.
 
ÅRDAL LEGEKONTOR
treng ferievikar i tidsrommet 22.06.20 - 14.08.20
Me ønsker ein person med medisinsk fagleg bakgrunn og/eller har starta utdanning innan helsefagarbeidar/sjukepleiar. 
Det er dagtid og søkar må vera over 18 år.
Politiattest vert kravd framlagt, jf. Helse- og omsorgstenestelova.
 
Spørsmål om denne stillinga kan rettast Marit Indrebø på e-post: marit.indrebo@ardal.kommune.no
 
Søknadsprosedyre
Gå til ledige stillingar nede til venstre på Årdal kommune si heimeside www.ardal.kommune.no 
Der får du lista opp stillingar som er lyst ut. Klikk på den stillinga du vil søka  på, vel "søk stilling" i høgre bilete. Logg deg på med brukarnamn og passord.
 
Dersom du allereie er tilsett i kommunen eller har vore søkjar før så bruk tildelt brukarnamn/passord eller bruk "gløymt passord". Er du ny søkjar så må du registrere deg.
 
Følg instruksjon og trykk neste for å komme vidare.
NB! Det er kun endringar i CV som vert lagra dersom du loggar deg ut før du har sendt søknaden.
 
Alle søknader på ledige stillingar i Årdal kommune skal registrerast elektronisk. Dersom du treng hjelp til innlegging, ta kontakt med Personalavdelinga på tlf. 57 66 50 00.
 
Etter at søknadsfristen er ute, vil du motta ei stadfesting på at søknaden er motteken.
Årdal  kommune praktiserer meiroffentlegheit. Opplysning om søkjar kan bli offentleggjort sjølv om søkjar har oppmoda om det motsette. Søkjar vil da bli kontakta i framkant. Jfr. Off.lova § 25.
 
Søknadsfrist 24.02.2020
 
Kontaktperson
Rigmor Svanberg, Kommunalsjef, mobil: 94824046, rigmor.svanberg@ardal.kommune.no