A A A
Kontrastverktøy Kontrastverktøy

Fellingskvoter for villrein 2016

Villreinnemnda for Sogn og Fjordane har i møte 04.04.2016, sak V-16-9, gjort fylgjande vedtak med heimel i Forskrift om forvaltning av hjortevilt av 8. Januar 2016, § 28:


SVARTEBOTN VILLREINOMRÅDE
Det vert ikkje tildelt jaktkvote til Svartebotn villreinområde, grunna nedgang i vinterstamma.


SUNNFJORDFJELLA VILLREINOMRÅDE
Det vert tildelt 3 løyver i Sunnfjordfjella villreinområde. Løyva er frie men uttaket skal fylgje vedteken bestandsplan og avskytingsplan i høve fordeling på alder og kjønn.


FØRDEFJELLA VILLREINOMRÅDE
Det vert tildelt 10 løyver i Førdefjella villreinområde. Løyva er frie men uttaket skal fylgje vedteken bestandsplan og avskytingsplan i høve fordeling på alder og kjønn. 


LÆRDAL/ÅRDAL VILLREINOMRÅDE
Det vert tildelt 20 løyver i Lærdal/Årdal villreinområde. Grunna ekstraordinære tilhøve er løyva tildelt som frie.

Villreinnemnda for Sogn og Fjordane har i elektronisk vedtak datert 30.04.2016 sak 3vj/16, gjort fylgjande vedtak med heimel i Forskrift om forvaltning av hjortevilt av 8. Januar 2016, § 28:

VEST-JOTUNHEIMEN VILLREINOMRÅDE
Det vert tildelt 10 løyver i Vest-Jotunheimen villreinområde. Grunna ekstraordinære tilhøve er løyva tildelt som frie.

Utdjuping av vedtaka kan sendast frå villreinnemnda på oppmoding. Vedtaka kan påklagast til Miljødirektoratet innan tre veker.
Evt. klage lyt vere skriftleg og skal sendast til Sogn og Fjordane villreinnemnd, adr. Siri Bøthun Naturforvaltning, Hovsgranden, 6896 Fresvik. E-post: post@sbnatur.no

Tips ein ven Skriv ut