A A A
Kontrastverktøy Kontrastverktøy

Felles legevakt og legevaktsentral på Lærdal sjukehus

Felles legevakt for Årdal, Lærdal og Aurland, samt felles legevaktssentral for kommunane Vik, Sogndal, Leikanger, Luster, Årdal, Lærdal og Aurland.

Gjennom samarbeidsprosjektet Sogn Lokalmedisinske Senter har desse sju kommunane gått saman om å etablere ein felles legevaktsentral lokalisert til Lærdal Sjukehus. Per i dag kjøper ein denne tenesta hjå Helse Førde gjennom AMK – sentralen.

 

  • 1
  • 2

Legevaktsentral

Ein legevaktsentral er ein telefonsentral som handterar henvendingar til legevakt. Det vil seie at dersom ein treng helsehjelp, og ikkje kan vente på time hjå fastlege, skal ein ringe legevakta, og kjem då til legevaktsentralen lokalisert til Lærdal. Ved legevaktsentralen jobbar det sjukepleiarar, og dei har opplæring i å handtere slike henvendingar. Dei har og hjelpeprogram og oppslagsverk som dei nyttar for å kunne gje så rett hjelp som mogeleg. Dersom ein har ringt legevaktsentralen vil ein kunne få råd og rettleiing, få formidla kontakt med lege, eller samtalen vert overført til AMK – sentralen dersom det er akutt behov for helsehjelp.

Den nye legevaktsentralen vil starte opp prøvedrift frå 01.02.15, med oppstart for full drift innan 01.03.15.

Legevakt for Årdal, Lærdal og Aurland

Legevakta for dei tre kommunane Årdal, Lærdal og Aurland vil frå 01.02.15 vere felles, og den vil vere lokalisert til Lærdal Sjukehus i 1. etg.
Dei tre kommunane vil samarbeide om vaktberedskapen, og lege i vakt vil vere tilstades på sjukehuset ettermiddag etter kl 15.30, natt og helg. I kontortida har den einskilde kommune legevakt som før.  
Dette vil føre til at dersom ein har behov for legehjelp utanom kontortid er oppmøtestad Lærdal. Lege vil framleis komme heim til pasienten dersom dette er naudsynt.

Felles legevakt, vil som legevaktsentralen, ha oppstart frå 01.02.15

 

Tips ein ven Skriv ut