A A A
Kontrastverktøy Kontrastverktøy

Felles dugnad

Innbyggarane i Årdal er kjend for sin vilje og evne til dugnadsarbeid. Folkevegen til Vetti er det beste eksempelet på det.
No trenger me for alvor å brette opp armane. Me har eit virus som kan sette deler av samfunnet på vent. Me har planar for dette. Me har øvd på verst tenkjeleg utfall – og me skal gjere vårt beste for å komme oss gjennom ein situasjon der mange i Årdal kan bli sjuke.

Ei utfordring kan bli at også nokon av dei som skal ivareta dei sjuke kan bli sjuke. Me får redusert kapasitet i ein periode der me har behov for meir helsekapasitet. Ein måte å løyse dette på er at me setter personar med helseutdanning – som ikkje arbeider med helseoppgåver i dag – inn i slikt arbeid. 
Ei anna løysing er at pensjonistar med helsebakgrunn for ein periode må på arbeid igjen. Men, også med at me setter desse personane i arbeid, vil det vere behov for frivillig innsats. Derfor ber vi pårørande til personar som i dag har hjelpebehov om å i enda større grad å hjelpe sine. 
Kommunen vil gjere det me kan for eit best mogleg tilbod – men me må ta høgde for at kvaliteten på våre tenester til dagens brukarar kan bli noko redusert. Det vil i alle fall ikkje bli sett i verk nye eller utvida tiltak.

Me håper på forståing for dette – og at me ser at dugnaden er i gang!   


Hilsen ordføreren og rådmann i Årdal kommune


Hilmar Høl
Ordførar