A A A
Kontrastverktøy Kontrastverktøy
Heim/Tenester/Sjølvbetjening

Feiing

Feiar
Illustrasjonsfoto

Informasjon om feieavgift og feiing

Feieavgifta er avgift for feiing av skorstein og for tilsyn av fyringsanlegget. Feiing av skorstein skal utførast minimum 4. kvart år. I Årdal er det bestemt at dette skal gjerast anna kvart år, tilsyn av fyringsanlegget skal utførast 4. kvart år.

For at feiinga skal bli utført pliktar huseigar å syta for at feiaren har tilgang til skorsteinen. Stigar, taktrinn og plattform skal vera godkjent og rett montert.
Om ikkje feiaren har tilfredstillande tilgang til skorsteinen, og ikkje får utført lovpålagte oppgåver, fører det til fyringsforbod på anlegget.
Den årlege feieavgifta dekkjer feiing to gonger og eitt tilsyn i ein fireårs periode.

Fritak for feiing:

I nokre høve kan ein søka om fritak for feieavgift ( feie- og tilsynsavgift).

Ein av følgjande føresetnader må stettast for å få fritak for feieavgift:
 

  1. Bustaden/leiligheitene har ikkje skorstein
  2. Det er ingen eldstader -/ peis kopla til skorsteinen
  3. Har gassfyrt eldstad, men ikkje skorstein ( får fritak for feiing, ikkje tilsyn)
  4. Eigedommen er registrert som fritidsbustad (det er da ikkje krav til feiing og tilsyn)
  5. Eigedommen er ubebudd

    Viser ellers til Forskrift om brannførebyggande tiltak og tilsyn, kap. 7

Feiing og tilsyn med fyringsanlegg i Årdal kommune, vert utført av Feiermester Haveland. Han vil vere i Årdal tre periodar i året.
Feiermester Haveland kan du nå på mobil nr: 913 39 939 Du kan òg få låne feieutstyr til bruk i fritidsbustad/hytte på tenestetorget.
Tenestetorget finn du på Rådhuset på Årdalstangen, tlf. 57665220