A A A
Kontrastverktøy Kontrastverktøy

Fastlege - Utdanningsstilling i allmennmedisin

Ledig stilling

Årdal kommune lyser med dette ut 100% stilling som allmennlege i spesialisering. Stillinga er knytt til ALIS vest 
prosjekt i Hordaland og Sogn og Fjordane fylke. Dette er eit prosjekt leia av Bergen kommune for spesialistutdanning 
av allmennlegar. Årdal kommune deltek i dette prosjektet.
Søknadsfrist: 26.05.2017

Stillinga er knytt til Årdal legekontor som i dag har 6 fastlegeheimlar og tilknytt turnuslege. 1 fastlege er fastløna medan 
dei andre driv privatpraksis. Alle er lokalisert ved Årdal legekontor.

Legekontoret er nyrenovert, velutstyrt og har svært kompetente helsesekretærar, bioingeniør og sjukepleiarar som 
helsepersonell.

Som kommunelege i Årdal vert du ein del av legevaktsamarbeidet som er organisert gjennom Sogn lokalmedisinske 
senter. Det er lokalisert ved Lærdal sjukehus. Her vil du gå inn i ein 12 delt legevaktsturnus, samt vere del av eit team 
som har tilsynslegefunksjon ved dei lokale akuttsengene (KAD senger).

Arbeidsoppgåver
- ansvar for listepasientar
- felles ansvar for legevakt på dagtid
- deltakarplikt i legevakt/ansvar for legevaktturnus

offentlege helseoppgåver som kan vere:
- tilsynslege ved institusjonane
- helsestasjonslege
- rettleiing av turnuskandidat

Kvalifikasjonskrav
Me søkjer etter ein fagleg dyktig lege med gode personlege eigenskapar som høver for praktisering av god 
legeteneste. Du må også ha:
- godkjend norsk autorisasjon som lege
- fullført turnusteneste eller fått godkjend tilsvarande teneste av Statens autorisasjonskontor for helsepersonell som 
gjer det mogeleg å praktisere som fastlege
- ha refusjonsrett frå Helfo
- gode samarbeids- og kommunikasjonsevner
- god norskkunnskap, både skriftleg og munnleg. Språknivå vert vektlagt i tilsetjingsprosessen
- godkjend politiattest
- kjennskap til norsk helselovgjeving, ASA avtalen og fastlegeforskrifta
- førarkort

Personar som i løpet av dei tre siste åra har hatt opphald i minst tre månader i land med høg førekomst av tuberkolose, 
 må ved tilsetjing legge fram godkjend tuberkulinprøve som ikkje er eldre enn tre månader.

Løn og tilsetjingsvilkår
ALIS-legen skal ha ei fastløna stilling som fastlege i kommunen. Løn etter avtale.
2 % vert trekt til tariffesta tenestepensjon.

Utdanningstida er minimum 5 år inklusivt eitt års spesialisthelseteneste.

Me tilbyr
- høgt fagleg nivå på tenesta og eit utviklande arbeidsmiljø
- god kollega
- hjelp til å skaffe bustad
- gunstig  pensjons- og forsikringsordning

Søknad
Send søknaden elektronisk via kommunen si heimeside: www.ardal.kommune.no.
Ta kontakt med personalstaben om du treng hjelp til innlogging, tlf. 57 66 50 00.


Søknadsfrist: 26.05.2017

Kontaktperson
Rigmor Svanberg, Kommunalsjef helse og omsorg, mobil: 94824046, rigmor.svanberg@ardal.kommune.no
Sikder Tarique, Lege, Tarique.Sikder2@ardal.kommune.no

Tips ein ven Skriv ut