A A A
Kontrastverktøy Kontrastverktøy
Heim/Tenester/Born og familie/Barnehage/Farnes barnehage

Farnes barnehage

Barnehagen starta opp med 2 avdelingar i 1971, men vart seinare utbygd med ei småbarnsavdeling i 1992. Barnehagen har eit stort uteområde og ligg like ved Farnes kyrkje med kort avstand til både skule, sentrum og naturmiljøet Småbakkane.

  • 1
  • 2
  • 3
  • 4

Avdelingane heiter Måne, Sol og Stjerna og me organiserer barnegruppene i tilnærma aldershomogene grupper. Då er det lettare å ivareta barna sine individuelle behov og tilpassa innhaldet ut frå alder og modning. På den måten sikrar me god progresjon i høve til leik, aktivitetar og utvikling gjennom åra dei går i barnehagen.  
Barnehagen er open frå kl. 6.45 -16.00.
Farnes barnehage er praksisbarnehage for barnehagelærarutdanninga ved høgskulen i Sogndal, og har såleis studentar i ulike periodar gjennom året.

Personalet:
Me har 10 årsverk, og personalet består av 10 damer og 1 mann. Personalgruppa er stabil, har god kompetanse og har jobba saman i mange år. Me ynskjer å vera i utvikling og har ein god refleksjonskultur der personalet deler sin kunnskap og erfaringar med kvarandre.

Satsingsområde:
Farnes barnehage legg vekt på at alle barn skal ha eit trygt og inkluderande læringsmiljø der dei har venner, og får varierte og gode opplevingar. Å gjera noko saman, å vera ein del av eit fellesskap gjev barna tilhøyrigheit og fremjar vennskap.
Gode relasjonar mellom barn-vaksen og barn-barn er viktige element i det daglege arbeidet, det fremjar utvikling og læring på alle områder i livet. Læring føregår i det daglege samspelet saman med andre menneske, og er nært knytt opp mot leik, danning og omsorg.
Kvart enkelt barn skal få oppleva at dei er verdifulle og viktige, og at dei har innflytelse på dagen sin. Samstundes skal dei få erfaring i at dei er ein del av eit inkluderande og demokratisk fellesskap, og at deira ynskje og behov ikkje alltid kan imøtekommast.
Me har mykje fokus på sosial kompetanse og vennskap, fordi barnehagen er den viktigaste arenaen der born knyter sine fyrste vennskapsband. Her får dei sine grunnleggjande erfaringar i samspel med andre born gjennom leik og varierte aktivitetar. Språk, tekst og kommunikasjon er difor eit gjennomgåande tema kvart år.

Overordna mål:
•    Ein stad for tryggleik – omsorg – leik - læring - varierte opplevingar og gode stunder.

Kontaktinformasjon
Farnes barnehage
Kyrkjevegen 2
6884 Øvre årdal

Styrar: Reidun Moheim
Telefon: 45 87 93 38
E-post: rmo@ardal.kommune.no

Tips ein ven Skriv ut