A A A
Kontrastverktøy Kontrastverktøy
Heim/Om Årdal/Fardalen

Fardalen

Fardalen er eit dalføre som startar i Øvre Årdal og går heilt opp til Murane med storfelt utsikt til m.o.a. Austbotntinden (over 2000 moh).

Fardalen har som namnet seier vore ein viktig ferdselsveg mellom bygdene på begge sidene av fjella.

Vegen har vore krøtterveg frå Lustrabygdene over Murane ned til Øvre Årdal (Farnes), over elvane (Fardalselva og Utla) opp gjennom Moadalen til Valdres og vidare til Austlandet.

Dalen har busetnad frå år 400-500 (namn som t.d Melheim og Holsæter viser det). Det er ikkje mykje aktivt jordbruk i dalen no. I dei siste åra har det kome noko ny busetnad.

Fardalsvegen har vore viktig for bøndene på nordsida av Utla. Dette var vegen til stølane, vårstøl, mellomstøl og fjellstøl. I gamal tid hadde bøndene plikter i samband med vedlikehald av vegen, og bøndene hadde ei eiga buførenemd som tok avgjerd om flyttetidspunkt til dei forskjellige stølane.


I dag går "Fardalsvegen" heilt til Turtagrø i Luster og vegen har fått namnet ”Tindevegen”.

Årdal og Sunndal Verk laga dei første traseane i samband med kraftutbygging. Sidan har Fjellvegen as. kome til. Aksjeselskapet har fått fri grunn på Årdalssida og har fått fram fin køyreveg (ikkje stor buss) mellom Øvre Årdal og Fortun i Luster (bussrute på sommarstid). Vegen har store deler oljegrus og asfaltdekke.


Vegen er bomveg og er ein populær turist- og utfartsveg.


Du køyrer gjennom den vestlege delen av Vest- Jotunheimen (opp i 1300 m). Her er fine naturlege plassar for telting og rasting. Det er ikkje langt til fots før du får tak i Austabotn, vidare til t.d. Gravdalen, Avdalen og til Hjelle i Utladalen.

Les meir om Tindevegen på eiga heimeside.

Tips ein ven Skriv ut