A A A Svart på hvitt - normalt Hvitt på svart

Familiekveld med Maria Parr

Fredag 16. november har me gleda av å invitera til familiekveld med Maria Parr på Tya. Parr er forfattaren bak suksessbøkene "Tonje Glimmerdal", "Keeperen og havet" og "Vaffelhjarte".

No kjem ho til Tya for å snakka om "Vaffelhjarte" og kanskje lesa litt frå boka. Det vil passa best for born i 1. - 4. klasse, men alle er sjølvsagt hjarteleg velkomne!

Det vert moglegheit til å kjøpa seg drikke og taco! 

Tacobuffet for born: 85,-
Tacobuffet for vaksne: 170,-