A A A
Kontrastverktøy Kontrastverktøy

Fagarbeidarar i tekniske tenester

Ledig stilling

Me har ledig 3 * 100% stilling som fagarbeidar i tekniske tenester.
Søknadsfrist 11.05.2020.

Arbeidsoppgåver
Tekniske tenester har ansvar for mellom anna:
drift og vedlikehold av kommunale vegar, leikeplassar, kyrkjegardar, vassforsyning, avløp og renovasjon.
Desse stillingane har arbeidsoppgåvene i hovudsak innanfor renovasjon, avfallsinnsamling og verkstadarbeid.
 
På renovasjon er det jobbrotasjon der drift av forbrenningsanlegg, sjåfør/sidemann på renovasjonsbil.
Arbeid på verkstad går bl.a. ut på reparasjon/vedlikehold av tekniske tenester sine køyretøy og utstyr, vedlikehald av Geithus forbrenningsanlegg.
 
Kvalifikasjonskrav
Det er ei føremon med utdanning innan mekaniske eller tekniske fag, erfaring/kunnskap frå drift av prosessanlegg og/eller reperasjonar,  vedlikehold av teknisk utstyr vil bli særlig vektlagt ved tilsetting.
Førarkort i klasse C, er eitt krav til stillingane på renovasjonsbilen.
 
Personlege eigenskapar
Personlige eigenskapar som:
evne til å arbeide sjølvstendig, men og saman med andre.
At ein er serviceinnstilt og allsidig vil verta vektlagt ved tilsetjing.
 
Løn og tilsettingsvilkår
Stillingane er løna etter stillingskode 7517 fagarbeidar eller 7542 som spesialarbeidar.
I stillingskode 7517 er løna frå  kr. 350 800,-  til kr.  430 000,- og i stillingskode 7542 er løna frå kr.301 500,- til kr. 405 100,- vurdert utifrå utdanning og ansiennitet.
2 % vert trekt til tariffesta tenestepensjon.
Det er 6 månader prøvetid for nytilsette i Årdal kommune
 
Søknadsprosedyre
Gå til ledige stillingar nede til venstre på Årdal kommune si heimeside www.ardal.kommune.no 
Der får du lista opp stillingar som er lyst ut. Klikk på den stillingen du vil søkje på, vel "søk stilling" i høgre bilete. Logg deg på med brukarnamn og passord.
 
Dersom du allereie er tilsett i kommunen eller har vore søkjar før så bruk tildelt brukarnamn/passord eller bruk "gløymt passord". Er du ny søkjar så må du registrere deg.
 
Følg instruksjon og trykk neste for å komme vidare.
NB! Det er kun endringar i CV som vert lagra dersom du loggar deg ut før du har sendt søknaden.
 
Alle søknader på ledige stillingar i Årdal kommune skal registrerast elektronisk. Dersom du treng hjelp til innlegging, ta kontakt med Personalavdelinga på tlf. 57 66 50 00.
 
Etter at søknadsfristen er ute, vil du motta ei stadfesting på at søknaden er motteken.
Årdal  kommune praktiserer meiroffentlegheit. Opplysning om søkjar kan bli offentleggjort sjølv om søkjar har oppmoda om det motsette. Søkjar vil da bli kontakta i framkant. Jfr. Off.lova § 25.
 
Søknadsfrist 11.05.2020.
 
Kontaktperson
Arne Johannes Kjos, Seksjoneiar VAR, tlf: 95074351, arne.kjos@ardal.kommune.no