A A A
Kontrastverktøy Kontrastverktøy
Heim/Tenester/Tenesteskildring

Ergoterapi

Føremål med tenesta

Sikre moglegheiter for aktivitet og deltaking for alle, gjennom tilrettelegging av omgjevnadane og tiltak for den enkelte i barnehage, skule, arbeidsplass og heime.

Kven får tenesta

Alle kan etter behov få eit tilbod om vurdering frå ergoterapeut.

Korleis få tenesta

Brukarar eller pårørande kan sjølve ta direkte kontakt eller det kan sendast ein rekvisisjon frå heimetenesta, lege, sjukehus eller andre. Det er i periodar noko ventetid på tenesta. Vi lyt då prioritere dei saker som hastar mest.

Kva omfattar tenesta

• Delta i tverrfagleg samarbeid og ansvarsgrupper ved behov • Formidling og tilpassing av hjelpemidler i samarbeid med NAV Hjelpemiddelsentralen • Ansvarleg for det kommunale lageret av tekniske hjelpemidler • Råd og rettleiing i høve fallførebygging • Råd og rettleiing i høve universell utforming og bustadtilrettelegging • Råd og rettleiing i høve arbeidsplass tilrettelegging • Trening og behandling individuelt og i grupper

Kva kan eg forvente

At du blir møtt med respekt At dei held teieplikta si At dei møter opp til avtalt tid At du får eit fagleg forsvarleg tilbod i høve dei oppgåver som skal løysast.

Plikter til brukar

Vi forventar at du gjer beskjed dersom du må endre inngåtte avtaler pga ferie, høgtider, innlegging på sjukehus m.v Vi forventar at du gjer beskjed dersom dine behov endres Vi forventar at du tar omsyn i høve røyking når vi er på besøk Vi viser kvarandre gjensidig respekt.

Pris

Tilbodet er gratis.

Heimelsgrunnlag

Lov om kommunale helse – og omsorgstenester Lov om pasientrettar Lov om helsepersonell Lov om folketrygd Forvaltningslova.

Klage

Dersom du finn grunn til å klage på helsepersonell som utfører tenesta, ta kontakt med leiar Heidi Skeie. Klagen må være skriftleg og innehalde noko om kva du er misfornøgd med og kva du eventuelt ynskjer annleis. Dersom du ynskjer det kan du få hjelp til å skrive ned klagen.

Kontaktinformasjon

Ergoterapi: Heidi Skeie Leiar, tlf. 99366881 Epost: heidi.skeie@ardal.kommune.no Inger Karlsen 50%, tlf. 48896505 Epost: inger.karlsen@ardal.kommune.no Syn- hørsel Patricia Seglem Lægreid tlf. 91879729. Er å treffa på eldresenteret på Årdalstangen måndagar frå kl. 11.30 - 12.30.