A A A
Kontrastverktøy Kontrastverktøy

Endring av båt og rutetider frå 9. januar

Tysdag 9. januar vert det sett inn ny større båt til passasjertransport mellom Årdalstangen og Fodnes.
Det vert og endra rutetider så første avgang frå Årdal vert kl. 05.35.

Fylkeskommunen setter no inn større båt for å sikre at alle kjem med på avgangane. Båten vil ha plass til ca. 150 passasjerar.
Sidan det er sett opp tidlegare avgang vil ruta kl. 09.35 frå Årdalstangen verte innstilt. 

I tillegg vert det endra bussavgang frå Lærdal så passasjerar som skal nå avgang frå Fodnes kl. 15.05 rekk denne. 

Oppdaterte båtruter og bussruter finn du på kringom.no.

Ambulansebåten som låg i Årdal medan vegen over fjellet var stengt, vert trekt attende. Kommunen har krevd at Helse Førde må sette båten inn beredskap igjen dersom været skulle endre seg igjen og vegen på nytt vert stengt.

Tips ein ven Skriv ut