A A A
Kontrastverktøy Kontrastverktøy

Eldreomsorg har ledig 52% fast stilling

Ledig stilling

Årdal sjukeheim 1.etg. / heimesjukepleien sone 3:
1 x 52% fast stilling som helsefagarbeidar/omsorgsarbeidar/hjelpepleiar .
Stillinga er på ein kombinert avdeling, der ein er både inne på avdelinga og ute i heimesjukepleien.

Det er turnusarbeid med til ei kvar tid gjeldande turnus, for tida 3 av 8 helgar.

Søknadsfrist: 20.02.2017

Kvalifikasjonskrav
Offentleg godkjenning som helsefagarbeidar, omsorgsarbeidar eller hjelpepleiar.
Den som vert tilsett må ha førarkort og kunne køyre bil i allslags vær/føreforhold, 
 like variasjon i arbeidet og kunne jobbe godt sjølvstendig og i saman med andre.

Personlege eigenskapar
Søkjar må ha gode mellommenneskelege eigenskapar, ha gode fagkunnskapar, og bidra til å skape eit godt 
arbeidsmiljø. Vere systematisk og fleksibel, like å arbeide i eit travelt miljø, men også åleine.

Løn og tilsettingsvilkår
Stillinga er løna etter stillingskode 7076/ 7517 med for tida lønsplassering frå kr. 326.300,-  til kr.392.100,- pr. år i 100% 
stilling.
2 % vert trekt til tariffesta tenestepensjon.
Det er 6 månader prøvetid for nytilsette i Årdal kommune.
Må beherske norsk både munnleg og skriftleg.
Politiattest vil bli krevd for nytilsette.

Alle søknader på ledige stillingar i Årdal kommune skal registrerast elektronisk. Dersom du treng hjelp til innlegging, ta 
kontakt med Personalavdelinga på tlf. 57 66 50 00.

Etter at søknadsfristen er ute, vil du motta ei stadfesting på at søknaden er motteken.
Årdal  kommune praktiserer meiroffentlegheit. Opplysning om søkjar kan bli offentleggjort sjølv om søkjar har oppmoda 
om det motsette. Søkjar vil da bli kontakta i framkant. Jfr. Off.lova § 25.


Søknadsfrist    20.02.2017    Utlyst dato    03.02.2017    

Kontaktperson
Hilda Nese, Leiar for institusjonar, tlf: 94815663, mobil: 94815663, hne@ardal.kommune.no

Tips ein ven Skriv ut