A A A
Kontrastverktøy Kontrastverktøy

Eigedomsskatt 2020 -offentleg ettersyn

Rådhus_edited

Liste over utskriven eigedomsskatt i Årdal kommune, for året 2020, er lagt ut til offentleg ettersyn på Tenestetorget i rådhuset på Årdalstangen i 3 veker frå 27.01.2020.

Eigedomsskatt er utlikna med kr. 5,- pr. 1.000,- av takstsummen for vanlege eigedommar / fritidsbustader, kr. 4,- pr. 1.000,- av takstsummen for jordbruk og kr. 7,- pr. 1.000,- for verk og anlegg. Eigedomsskatt og kommunale avgifter er på same fakturaen, og blir fakturert i 4 terminar med forfall 16.02., 16.05., 16.08. og 16.11.

Fritak for eigedomsskatt
Dei som etter §7 i lov om eigedomsskatt kan søkje om fritak frå eigedomsskatt - må gjere dette innan 15. februar til Årdal kommune, Statsråd Evensensveg 4, 6885 Årdalstangen eller postmottak@ardal.kommune.no. NB! det betyr at lag og organisasjonar også må søkje om fritak.