A A A
Kontrastverktøy Kontrastverktøy
Heim/Tenester/Prisar og satsar

Eigedom

Gebyr etter lov om eigedomsregistrering (Matrikkellova)
Gebyr for arbeider etter matrikkellova (Lovens § 32, forskriftene § 16) vert fastsett som
følgjer:

1.1. Oppretting av matrikkeleining

1.1.1. Oppretting av grunneigedom og festegrunn 2019
areal frå 0 – 500 m² 12.300,-
areal frå 501 – 2000 m² 18.700,-
areal frå 2001 m² – auke pr. påbegynt da 1.700,-

 

1.1.2 Matrikulering av eksisterande umatrikulert grunn 2019
areal frå 0 – 500 m² 12.300,-
areal frå 501 – 2000 m² 18.700,-

areal frå 2001 m² – auke pr. påbegynt da
1.700,-

 

1.1.3 Oppmåling av utareal på eigarseksjon 2019
Gebyr for oppmåling av uteareal pr. eigarseksjon   

Areal frå 0 – 50 m²
6.600,-
Areal frå 51 – 250 m² 9.400,-
Areal frå 251 – 2000 m² 18.700,-
Areal frå 2001 m² – auke pr. påbegynt da 1.700,-

 

1.1.4 Oppretting av anleggseigedom 2019
Gebyr som for oppretting av grunneigedom   
Volum frå 0 - 2000 m³ 21.700,-
Volum frå 2001 m³ – auke pr. påbegynt 1000 m³ 1.700,-

 

1.1.5 Registrering av jordsameige
Gebyr for registrering av eksisterande jordsameige vert fakturert etter medgått tid


1.2 Oppretting av matrikkeleining utan fullført oppmålingsforretning
Viser til 1.1.1,  1.1.2  1.1.4. og 1.1.5 i tillegg kan komme tilleggsgebyr for å utføra oppmålingsforretning.

1.2.1 Avbrot i oppmålingsforretning eller matrikulering
Gebyr for utført arbeid når saka vert: a) trekt før den er fullført, b) må avvisast, c) ikkje let seg matrikkelføra på grunn av endra heimelsforhold eller d) av
andre grunnar ikkje kan fullførast, vert sett til 1/3 av gebyrsatsane etter 1.1 og 1.2 eller etter medgått tid.

1.3 Grensejustering

1.3.1 Grunneigedom, festegrunn og jordsameige
Ved gebyr for grensejustering kan arealet for involverte eigedomar justerast med inntil 5 % av eigedomens areal. (maksimalgrensa er sett til 500 m²). Ein eigedom kan imidlertid ikkje avgje areal som i sum overstig 20 % av eigedomens areal før justeringa. For grensejustering til veg- eller jernbaneformål kan andre arealklassar gjelde.

Areal 2019
Areal frå 0 - 250 m² 7.600,-
Areal frå 251 – 500 m² 9.900,-

1.3.2 Anleggseigedom
For anleggseigedom kan volumet justerast med inntil 5% av anleggseigedomens volum, men den maksimale grensa skal setjast til 1000 m³.

Volum 2019
Volum frå 0-250 m³ 10.100,-
Volum  frå 251 – 1000 m³ 11.300,-

1.4 Arealoverføring
1.4.1 Grunneigedom, festegrunn og jordsameige
Ved arealoverføring skal oppmålingsforretning og tinglysing gjennomførast. Arealoverføring utløyser dokumentavgift. Dette gjeld ikkje arealoverføring til veg- og jernbaneformål.

Areal 2019
Areal frå 0 - 250 m² 9.900,-
Areal frå 0 - 500 m² 12.100,-
Arealoverføring pr. nytt påbegynt 500 m² medfører ei auke av gebyret på kr. 1.900,-

1.4.2 Anleggseigedom
For anleggseigedom kan volum som skal overførast frå ein matrikkeleining til ein annan, - ikkje vera registrert på ein tredje matrikkeleining. Volum kan
berre overførast til ein matrikkeleining viss vilkåra for samanføying er tilstades.
Matrikkeleininga skal utgjera eit samanhengande volum.

Volum  - Areal 2019
Volum frå 0 - 250 m³ 7.700,-
Volum  frå 251 m³ – 500 m³ 9.900,-
Arealoverføring pr. nytt påbegynt 500 m³ medfører ei auke av gebyret på kr. 1.900,-

1.5 Klarlegging av eksiserande grense der grensa tidlegare er koordinatbestemt ved oppmålingsforretning

Grenser 2019
For inntil 2 punkt 4.300,-
For overskytande grensepunkt, pr. punkt 900,-

1.6 Klarlegging av eksisterande grense der grensa ikkje tidlegare er koordinatbestemt/eller klarlegging av rettar

Grenser 2019
For inntil 2 punkt 7.500,-
For overskytande grensepunkt, pr. punkt 1.900,-

1.7 Privat grenseavtale

Grenser 2019
For inntil 2 punkt eller 100m grenslengde 3.600,-
For kvart nytt punkt eller påbegynt 100m grenselengd 1.100,-
Alternativt kan gebyr fastsetjast etter medgått tid  

1.8 Timepris

For målearbeid som blir avtalt utført etter timepris 2019
Timepris for målearbeid etter matrikkellova 1.300,-
Minstepris for slikt arbeid 3.500,-

1.9 Gebyr handsaming av frådelingssøknad

Gebyr frådelingssøknad 2019
Gebyr 2.600,-

1.10 Urimeleg gebyr
Dersom gebyret openbart er urimeleg i høve til dei prinsippa som er lagt til grunn, og det arbeidet og dei kostnadane kommunen har hatt, kan administrasjonssjefen eller den han/ho har gitt fullmakt, av eige tiltak fastsetje eit passande gebyr.
Den som har fullmakt kan under same fortsetjingar og med bakgrunn i grunngitt søknad frå den som har fått krav om betaling av gebyr, fastsetje eit redusert gebyr.

1.11 Endringar i grunnlaget for matrikkelføring av saka
Viss rekvirenten under saksgangen gjer endringar i grunnlaget for matrikkelføring av saka, skal likevel gebyret oppretthaldast.

1.12 Utlevering av matrikkelbrev

 Matrikkelbrev 2019
Matrikkelbrev inntil 10 sider  180,-
Matrikkelbrev over 10 sider 360,-

Endring i maksimalsatsane vert regulert av Statens kartverk i takt med den årlege kostnadsutviklinga

1.13 Betalingsvilkår
Gebyret skal fastsetjast etter det gebyret som gjeld på rekvisisjonstidspunktet, og skal krevjast inn etterskotsvis. I tillegg til gebyret etter dette regulativet skal rekvirenten betale dei tinglysingsutgiftene som følgjer av rekvisisjonen.

1.14 Tidsfristar
Kommunen legg til grun dei tidsfrestar som føl av matrikkelforskrifta $18 og $19. ved hansaming av saker etter matrekellova.
Eit unntak er alikavel som krev arbeid i marka, og som skjem inn på eit tidspunkt der mark- og målearbeid kan gjenomførast før snøforholda tillet slik arbeid. fristen løper ikkje i tidsrommet 15. oktober til 15. mai.

Gebyr for tenester etter eigarseksjonar (§7)

Med heimel i lov om eigarseksjonar vert det frå 01.01.2006 innført slike betalingssatsar relatert til ein kvar tid gjeldande sats for rettsgebyret. pr. 2017 er rettsgebyret.

Seksjoneringsgebyr
Krav om seksjonering eller reseksjonering av ein eigedom:
a. Sak som krev synfaring:  5 rettsgebyr
b. Sak som ikkje krev synfaring: 3 rettsgebyr

Der saka vert trekt, og der løyve til seksjonering ikkje vert gjeve, vert gebyret ikkje refundert.

Utarbeiding av målebrev for grunnareal til seksjon
Der det inngår grunnareal i ein seksjon, skal det i tillegg til seksjoneringsgebyr betalast for oppmåling.

Ved reseksjonering som medfører endring av grenser for ein seksjon sitt uteareal, skal det lagast nytt målebrev. Gebyr skal svarast i samsvar med ovanståande satsar.

Der fornya søknad om seksjonering eller reseksjonering av eit bruksnummer eller festenummer, fører til godkjenning eller nytt avslag, skal halvparten av tidlegare betalt gebyr koma til frådrag dersom søknaden kjem til kommunen innan tre månader etter dato for avslag. (Kjem ny søknad på seinare tidspunkt, skal det betalast fullt gebyr).

Digitale kartdata til eksterne brukarar
Handsamingsgebyr for eigedomsopplysningar til meklar.

  2019
Produksjonskosnader skal betalast etter medgått tid - pr. time 550,-
Minimumsgebyr 330,-
I tillegg kjem betaling på dataleveransen etter fastsett pris i Geovekstavtalen  

Handsamingsgebyr for eigedomsopplysningar til meklar.

  2019
Pr . eigedom 2,100,-

Handsamingsgebyr for eigedomsoppl ysningar til takstmann.

  2019
Kopi av målebrev/tekninger til taksbyrå/taksmann 1.100,-


Gebyr for utarbeiding av situasjonskart

Situasjonskart 2019
Kopi/plott av kart fra digital kartbase/planar  
A0 + større 340,-
A1 225,-
A2 155,-
A3 90,-
A4 50,-
Kopi av dokument/teikningar til pågåande saker Gratis
   
Avskrift og kopiering av arkivmateriale
(pris fastsett av Det Kongelige Kulturdepartementet nov 2011)
 
Avskrifter pr. side 250,-
Stadfesting av kopi 15,-
Ikkje stadfesta kopiar 6,-
   
Fotostatkopi  
A3 - farge 15,-
A4 - farge 10,-
A3 - svart/kvit 6,-
A4 - svart/kvit 4,-