A A A
Kontrastverktøy Kontrastverktøy
Heim/Tenester/Sjølvbetjening/eFaktura

eFaktura

Årdal kommune tilbyr eFaktura til sine kundar. Med eFaktura får du rekninga ferdig utfylt i nettbanken. Du kan sjølv endre beløp og forfallsdato før du godkjenner med eit klikk. I nettbanken har du full kontroll over betalte og ubetalte rekningar – uansett kvar du er.

  • 1

Med eFaktura vert rekningane sendt til deg ferdig utfylt i nettbanken din i staden for i postkassen. Du slepp såleis å bruke unødig tid på inntasting av lange KID- og kontonummer. Du kan gjere eigne endringar før du godkjenner betalinga. eFaktura som allereie er betalt, ligg tilgjengeleg i nettbankarkivet ditt i 16 månader.

Det er òg mogleg å kombinere eFaktura med avtalegiro. Du vil då få faktura med spesifikasjon tilsendt elektronisk til din nettbank,  medan trekket vil skje automatisk ved forfall.

Avtale om eFaktura med Årdal kommune teiknar du sjølv i nettbanken din.

For meir informasjon, sjå internettadresse nedanfor.
Tips ein ven Skriv ut