A A A
Kontrastverktøy Kontrastverktøy

Direktesending frå kommunestyremøtet 19. desember

kommunestyrewebtv

Da er me klar for vår første sending direkte frå kommunestyresalen. 
Torsdag 19. desember kl. 12.00 kan du følgje handsaminga av alle sakene i møtet og me håpar dette vert ein fin måte å følgje det som skjer.

Kommunestyret har sitt siste møte før jul og dei startar dagen med lunsj kl. 11.00 og utdeling av kulturprisen og årets årdøl. Møtet startar kl. 12.00 i kommunestyresalen og er ope for alle. Har du ikkje høve til å vere i salen, kan du no følgje sendinga direkte frå møtet.

Det er ei lang sakliste som skal opp denne dagen og du finn alle sakene med vedlegg her.

Sakliste:
136/19 Godkjenning av innkalling og signering av møteprotokoll
137/19 Økonomisk rapportering pr. 31. oktober 2019
138/19 Sluttrapport friluftsbasseng Årdalstangen - renovering av renseanlegg
139/19 Sluttrapport for heis og toalett i kyrkjelydshuset
140/19 Budsjettendringar investeringsbudsjett 2019
141/19 Årdal kyrkjelege fellesråd - dekning av meirforbruk 2017
142/19 Endring av selskapsavtalen for SIMAS
143/19 Revidert vedtekter for Årdal Tenk Tryggleik
144/19 Revidert samarbeidsavtale mellom Årdal kommune og Årdal Lensmannskontor/ Vest politidistrikt
145/19 Handlingsplanar VAR (Vatn, Avløp og Renovasjon) 2020 - 2023 Handlingsplanar 2020
146/19 Utvikling og omdømmeprosjekt for Årdal
147/19 Sogn for alle 2020-2023
148/19 Budsjett 2020 / Økonomi og handlingsplan 2020-2023
149/19 Evaluering av regionalplan Sogn regionråd 2017 - 2020
150/19 Rullering idretts- og anleggsplan 2020-2023
151/19 Oppstart av kartlegging og verdsetting av friluftsområde
152/19 Kommunearkivordninga i Vestland kommunalt oppgåvefellesskap
153/19 Handlingsplan mot vald i nære relasjonar 2020 - 2024
154/19 Avtale om innkjøpssamarbeid
155/19 Tangevegen 14
156/19 Suppleringsval til kontrollutvalet 2019 - 2023
157/19 Suppleringsval til utval for helse, sosial og omsorg 2019-2023
158/19 Val av råd for personar med nedsett funksjonsevne 2019 - 2023
159/19 Val av barnas representant 2019-2023
160/19 Val til styret i Indre Sogn ASVO 2019-2023
161/19 Val av til representantskapet i Alarmsentralen Sogn og Fjordane IKS 2019-2023
162/19 Val av styremedlemer til Oliva O. og Ole A. Lægreids minnefond 2019-2023
163/19 Val av styre for Årdal landbruksfond 2019-2023
164/19 Val av representantar til Stamvegutval 2019-2023
165/19 Val av offentlege valde representantar til generalforsamlinga Sogn Sparebank 2020-2023
166/19 Val av møtefullmektig i foriliksrådet 2019-2023
167/19 Val av medlemer ÅB Eigedom AS 2019-2023
168/19 Val av medlemer til styret for Jotunheimen nasjonalpark og Utladalen landskapsvernområde 2019-2023
169/19 Val av medlemer til stiftinga Utladalen Naturhus 2019-2023
170/19 Val av medlemer til samarbeidsutval 2019-2023 Tangen skule og Farnes skule
171/19 Val av medlem til styret i Frivilligheitssentralen 2019-2021
172/19 Val av kommunalt beredskapsråd 2019-2023
173/19 Val av eigedomsskattetakstnemnd 2019-2023
174/19 Val av overtakstnemd for eigedomsskatt 2019-2023
175/19 Val av ekstra varamedlemer til KS 2019-2023