A A A
Kontrastverktøy Kontrastverktøy

Detaljreguleringsplan for Sløbakken - offentleg ettersyn

Sløbakken 3D - bilde_512x360

I samsvar med §12-10 i plan- og bygningslova vedtok formannskapet i møte 8. november 2016, sak 025/16, å legge framlegg til Detaljreguleringsplan for Sløbakken ut til offentleg ettersyn. Planen femnar om eigedommane gnr 27, bnr 251 og 254 på Årdalstangen.

Planområdet er avgrensa av Hydrovegen, Vollvegen, Sløbakkvegen og elva Lysa. I kommuneplanen er området sett av til bustad.
Formålet med planarbeidet er å legge til rette for etablering av samankjeda bustadeiningar.
Planområdet er på vel 9 daa. Arealet som er sett av til bygg og anlegg utgjer i underkant av 5 daa med ein grad av utnytting på %-BYA = 43, der det kan førast opp bygg på inntil 2 etasjar.

Planframlegget er og tilgjengeleg på biblioteket og tenestetorget.

Merknader må sendast til Årdal kommune, Statsråd Evensensveg 4, 6885 Årdal, eller e-post postmottak@ardal.kommune.no og vere kommunen i hende seinast 20. desember 2016.

Detaljreguleringsplan for Sløbakken
Planomtale
Sløbakken 3D
Reguleringsplan 1-500
Reguleringsføresegner
ROS-analyse

Tips ein ven Skriv ut