Det skjer på biblioteket i vinterferien!
EKSTRAOPE:
Sidan det er vinterferie held vi, i tillegg til den vanlege opningstida, ope:
Laurdag 16. februar 10.30 - 15.00
Måndag 18. februar 11.00 - 16.00
Laurdag 23. februar 10.30 - 15.00
MARIOKARTTURNERING:
Tysdag 19. februar er det tid for ny mariokartturnering frå klokka 18.00 - 20.00. Meld deg på til bibliotek@ardal.kommune.no, eller SMS til 46 91 56 47.
Sidan det er vinterferie vert det høve til å øve heile dagen måndag og tysdag.
MORSMÅLSDAGEN 2019
Torsdag 21. februar er det tid for morsmålsdagen 2019.
Då skjer det litt i biblioteket, så ta turen innom !
Tya har internasjonal mat på menyen, så ta lunsjen, eller middagen der. I fjor var det nydelig mat, så det kan anbefalast
Velkommen til ein triveleg vinterferie på biblioteket !