A A A
Kontrastverktøy Kontrastverktøy

Demens - pårørandeskule hausten 2015

Eldreomsorga i kommunane Årdal, Lærdal og Aurland samarbeider i haust om pårørandeskule for pårørande til personar med demenssjukdom.


Pårørandeskulen går over fire kveldar, med undervisning og samtalegrupper. Siste samling blir ein festaften for den demente og pårørande, der det vil bli kino, middag og dans.

Dag, tid og stad: 
03.09.2015: Øvre Årdal, Årdal vidaregåande skule
Tema: sjukdomslæra og velferdsteknologi, hjelpemidler og praktiske tips i kvardagen, samtalergrupper, frå kl. 17.30 til 20.30 på Årdal vidaregåande skule.

10.09.2015: Lærdal, Doktorboligen (gamle hjelpepleiarskulen)
Tema: endra adferd og kommunikasjon, samtalegrupper, frå 17.30 til 20.30 på Doktorheimen (gamle hjelpepleiarskulen i Lærdal)

17.09.2015: Aurland, Aurland Helsetun
Tema: verge og omsorgslønn, pårørandeerfaring, samtalegrupper, frå kl. 17.30 til 20.30 på Aurland Helsetun.

24.09.2015:  Årdalstangen, Årdal samfunnshus-"festaften" 
Me vil invitera pårørande og den demente på festaften. Kl. 17.30 vil det bli filmframsyning i kinosalen på Årdalstangen, med film frå kommunane  Årdal, Lærdal og Aurland.

For påmelding eller meir informasjon, ta kontakt med pasientkoordinator i Årdal kommune: Anne Lise Øy på 57 66 50 88 / anne.lise.oy@ardal.kommune.no
Påmeldingsfrist: 15.august

Pårørandeskule og samtalegrupper for pårørande til personar med minnesvikt eller demens 2015 (pdf)

Tips ein ven Skriv ut