A A A
Kontrastverktøy Kontrastverktøy

Dagsturhytta er open for publikum

Dagsturhytta er no opna slik at publikum har høve til å gå inn i hytta. Hytta er utstyrte med eit minibibliotek med bøker til bruk på staden, for å stimulere til lesing og for å gjere kjent god, nynorsk barnelitteratur.

Me vil oppmoda besøkande, som vil inn i hytta, om å ta av seg fottøyet eller nytta dei blå skoovertrekka som ein finn ved hytta.

Ei offisiell opning av dagsturhytta vil finna stad på nyåret.

Årdal Kommune vil takka alle som har bidrege til at hytta no er ferdigstillt og kan takast i bruk.

Dagsturhytteprosjektet er eit samarbeid mellom Sogn og Fjordane fylkeskommune, Sparebankstiftinga / Sparebanken Sogn og Fjordane og kommunane sjølve.

God tur !
 
Bibliotek dagsturhytta[1].JPG Moakamben_450x338.jpg hytta_255x338.jpg

 

Tips ein ven Skriv ut