A A A
Kontrastverktøy Kontrastverktøy

Leiar - NAV Årdal - 2.gongs utlysing

Ledig stilling

Årdal kommune har ledig 100% fast stilling som leiar - NAV Årdal.
Søknadsfrist 12.12.2019.

NAV er inne i ein omfattande og spennande moderniserings- og endringsfase. Til NAV-kontoret i Årdal søker me ein tydeleg leiar med særleg blikk for gode relasjonar både internt i kontoret og til samarbeidspartar og næringsliv.

NAV Årdal er ein partnarskap mellom NAV Vestland og Årdal kommune.
Leiaren skal ha det faglege og administrative ansvaret, og den viktigaste oppgåva blir å sikre gode og heilskaplege tenester for einskildpersonar og næringsliv, og ivareta samfunnet sitt mål om størst mogleg yrkesdeltaking. Samarbeid på tvers av kommunar vil framover bli avgjerande for å vidareutvikle tenestene og for å bli ein synleg og løysingsdyktig
samfunnsaktør.

Kontoret i Årdal har i dag omlag 15 årsverk. I tillegg til den statlege tenestemenyen har NAV Årdal ansvar for tenester heimla i lov om sosiale tenester i NAV, Rustenesta, Bustadkontoret og Flyktningtenesta. I tillegg har Årdal ansvar for økonomisk råd og rettleiing etter sosialtenestelova i ÅLA kommunane.

Viktigaste arbeidsoppgåver
Etablere tett kontakt med næringslivet lokalt og regionalt.
Sikre tidleg innsats for alle brukargrupper.

Kvalifikasjonskrav
- Leiarerfaring
- Dokumentert evne til å utøve tydeleg leiing og skape gode resultat gjennom andre
- Kunnskap om samfunnet og sterk interesse for arbeids- og velferdspolitikken
- Minimum 3-årig utdanning frå høgskule eller universitet
- Relevant erfaring vil bli vektlagt og vurdert opp mot utdanningskrav

Personlege eigenskapar
vil bli tillagt stor vekt og vi ønskjer ein leiar som:

- Kommuniserer ope, tydeleg og direkte
- Har evne og vilje til å prøve ut utradisjonelle løysingar
- Er god på å ta avgjerder, er målretta og løysingsdyktig i lag med andre

NAV er oppteken av mangfald og me oppmodar alle kvalifiserte kandidatar til å søkje jobb i NAV, uavhengig av alder, kjønn, evt. nedsett funksjonsevne eller etnisk bakgrunn. NAV er IA-verksemd og vi vil difor legge til rette for søkjarar med eventuell redusert funksjonsevne.

Løn- og tilsettngsvilkår
Løns- og tilsettingsvilkår i samsvar med gjeldande avtaleverk vurdert etter utdanning og praksis.
Kommunen har gode forsikrings- og pensjonsordningar.
2 % vert trekt til tariffesta tenestepensjon.
Den som vert tilsett må levera politiattes av ny dato.
Det er 6 månader prøvetid for nytilsette i Årdal kommune.

Stillinga er ledig frå snarast.

Søknad på stillinga
Gå til ledige stillingar på Årdal kommune si heimeside www.ardal.kommune.no
Der finn du stillingar som er lyst ut. Klikk på den stillingen du vil søka på, vel "søk stilling" i høgre bilete. Logg deg på med brukarnamn og passord.

Dersom du allereie er tilsett i kommunen eller har vore søkar før, bruk tildelt brukarnamn/passord eller bruk "gløymt passord". Er du ny søkjar så må du registrere deg.

Følg instruksjon og trykk neste for å komme vidare.
NB! Det er berre endringar i CV som vert lagra dersom du loggar deg ut før du har sendt søknaden.

Alle søknader på ledige stillingar i Årdal kommune skal registrerast elektronisk. Dersom du treng hjelp til innlegging, ta kontakt med Personalstaben på tlf. 57 66 50 00.

Etter at søknadsfristen er ute, får du ei stadfesting på at søknaden er motteken.
Årdal kommune praktiserer meiroffentlegheit. Opplysning om søkar kan bli offentleggjort sjølv om søkjar har oppmoda om det motsette. Søkjar vil da bli kontakta på førehand. jf. offentleglova § 25.

Søknadsfrist 12.12.2019

Kontaktperson
Mette Hestetun Berg, Kommunalsjef, mobil: 97019648, Mette.Hestetun.Berg@ardal.kommune.no

Tips ein ven Skriv ut