A A A
Kontrastverktøy Kontrastverktøy

Informasjon om vedteken oppstart på graving i Ålmennhagen

Ålmenhagen vedlikehalds/utskiftingsplan/asfaltering.

2018-06  Informasjon om vedteken oppstart på graving i Ålmennhagen

Som ledd i Årdal Energi sin vedlikehalds/utskiftingsplan og Årdal Kommune sin asfaltplan vil det frå mai sett i gang graving frå innkøyring til Ålmennhagen og fram til gangvegen. Sjå nærare orientering om prosjektet nedanfor.  
 
Prosjektstart og gjennomføring 
Årdal Kommune skal starte arbeidet i V19.2019. Prosjektet er planlagt ferdigstilling i utgangen av August 2019. Då blir berørt området sett attende til den stand det var ved oppstart og veg blir oppretta før asfaltering.

I denne perioden vil det bli noko anleggstøy. Normal arbeidstid er frå kl. 07:00 til kl. 16:00. For å forstyrre kundane minst mugleg er det planlagt frå/tilkopling av vatn på kveld/natt. 
Frå/tilkopling blir planlagt å særskilt varslet. For å ivareta tryggleiken til kundane ber me om forståing for at enkelt arbeidsoppgåver kan gå utover oppsett arbeidstider. 
 
Ferdsel i området i anleggstida 
I anleggsperioden vil det ikkje vere tilrådeleg å ferdast med motorkøyretøy i området eller parkere bilar, då dette vil hindra fri ferdsel for anleggsmaskiner og anna utstyr. Ein vil derfor oppmode om at bebuarar ikkje ferdast med eller parkera bilar i området i den perioden arbeidet varer. Det blir etablert nye parkeringsplasser for midlertidig parkering

Ålmenhagen.jpg

Årdal Kommune skal skifte ut masser, sandfang, kummar, bekkeinntak, lysstolper og lage til ny brannhydrant, fartsdump samt legge ny asfalt.

Årdal Kommune oppmodar derfor dei som blir berørte til å vurdera å skifte / oppgradera vatn og avløpsleidningar samband med denne omlegginga.


Årdal Energi starte med å skifte eksisterande infrastruktur i Ålmennhagen med tilhøyrande område. Årdal Energi skal fjerne eksisterande luftleidningsnett og legge alt i bakken. Dette inneber at dei som i dag har luftstrekk inn vil få kabel. Denne vil bli lagt opp etter husvegg og tilkopla eksisterande inntak. 

Årdal Energi oppmodar derfor dei som blir berørte til å vurdera å skifte / oppgradera  hovudinntaka sine i samband med denne omlegginga. 

Årdal Energi vil i samband med ombygginga ikkje belaste kundane for eventuelle frå/tilkopling eller ny inntakskabel. Kundane er sjølv ansvarlig for å grave ned ny inntakskabel og fiber på eiga tomt.

Dersom ein i seinare tid skal/må oppgradera inntaket blir kostnadane frå Årdal Energi belasta kunden.   

Årdalsnett skal byggje ut ny fiberstruktur og installere fiber til påmeldte kundar. 

Utførande maskinentreprenør er VLS MASKIN AS og Fredheim Entreprenør AS. Det vil i samband med prosjektet vera høve til å asfaltera mot eigne innkjørsle. For spørsmål angåande maskinentreprenør og asfaltering ber me om at det tar direkte kontakt med ansvarleg entreprenør. 

Ålmenhagen asfalteringsplan.png

Når det er lagt ny asfalt, vil de ikkje bli tillate å grave i vegen på 10 år.  

Anleggsområde

Kartutsnittet under syner kvar arbeid vil førekome.

Ålmenhagen 1.png

Dersom Dè har spørsmål eller ønskje om ytterlegare informasjon, står Årdal Energi, Årdal Kommune samt Årdalsnett til teneste.  
 

Med venleg helsing                                                 Med venleg helsing
for Årdal Energi KF                                                  for Årdal Kommune

Edvard Holsæter                                                      Svein Ove Åmås
Leiar Nett                                                                 Seksjonsleiar Utedrift Tekniske tenester
Epost: eh@ardal-energinett.no                                Epost: svein.ove.amas@ardal.kommune.no

Tips ein ven Skriv ut