A A A
Kontrastverktøy Kontrastverktøy

Svøm deg til Albania i Årdalshallen

692956948

Kanskje du har vore litt lat i juletida, og ete litt for mykje?
- Fortvil ikkje, me i Årdalshallen startar opp att den populære svømmekonkurransen til Norges Svømmeforbund.

Lette krav
Reglane er enkle. Det einaste du skal tenka på er å rekka krava innan 1. april. Innan den tid skal vaksne svømma 10.000 meter til saman, og ungar 2.500. 

- Dette burde vera lett overkomeleg for dei fleste. Det er berre å setta seg delmål. 

Enkel registrering

Du kan sjølv velga om du vil registrera på meter på eige registeringskort du kan ha i billettluka i Årdalshallen, eller du kan sjølv skriva svømmeøkta di på nettet til www.svomlangt.no etter kvar gang.

- Det er ingen som stirrar på deg og tel talet på meter du legg bak deg. Det er kun samvitet ditt som set grenser.

Lærarar og føresette kan registrerar for elevar og barn. På ettermiddagstid kan alle som vil vera med. 

Alle kan vera med
Vinnarane blir trekte. I tillegg til den nasjonale trekninga, har Årdalshallen lokal trekning der du blant anna kan vinna klippekort. 

- Poenget med å vera med "Svøm deg til Albania" er sjølvsagt folk si eige helse og velvere. Å vinna er berre ein bonus. Folk skal vita at det er me i Årdalshallen som trekker kven som går vidare til den nasjonale trekninga, det er ikkje noko deltakarane skal tenka på.

Det er mange andre flotte reisepremiar i tillegg til hovedpremien.

Treng du meir informasjon, gå inn på www.svomlangt.no, eller snakk med badevaktene i Årdalshallen

Tips ein ven Skriv ut