A A A
Kontrastverktøy Kontrastverktøy

Utvida jakttid på elg i Årdal - høyringsmøte 28. august

møte

Innkalling til møte tysdag 28. august på rådhuset i Lærdal.
Alle med synspunkt på endra jakttid for elg i Årdal, Lærdal og Aurland kommune vert oppmoda om å koma på høyringsmøte .

Kan du ikkje delta på møte, kan også synspunkt fremjast på e-post til knut.fredrik.oei@laerdal.kommune.no seinast 29.august.

Bakgrunn
Mattilsynet og Miljødirektoratet har bedt kommunane kring Nordfjella om å leggja til rette for bestandsreduksjon av hjorteviltartane. Dette som eit smitteførebygjande tiltak mot skrantesjuka (CWD). Mange tiltak er allereie sett i kraft, noko som resulterte i monaleg auka avskytning i 2017. Bestandsreduksjon av hjorteviltartane er ønskjeleg så lenge ein vurderer Nordfjella sone 1 som smittefarleg for nemde hjorteviltartar. Dette er sagt at gjeld i minimum 5 år etter saneringa av villreinstamma i Nordfjella sone 1, altså i den såkalla brakkleggingsperioden.
 
Jaktrettshavarane, representert ved styra for bestandsplanområda for Årdal, Lærdal og Aurland kommunar, meiner at jaktstart på elg frå 1. september vil gi auka avskytning på elg, samstundes med at det også stimulerer fellinga av hjort. Forskriftsfesta jaktstart på elg er 25. september, medan jakttida på hjort startar 1. september. I 2017 vart det gjeve dispensasjon frå forskrift om jakttider slik at jaktstart på elg var samstundes som jaktstart på hjort, 1. september. Inntrykket lokalt er at jaktstart 1. september for elg 2017, målt ved auka avskytning både på hjort og elg, var effektivt.
 
Forskriftsendring
Årdal, Lærdal og Aurland kommunar har i 2018 søkt Miljødirektoratet om at starttidspunkt for jakttida på elg i åra 2018, 2019, 2020 og 2021 skal vera 1. september i nemnde kommunar. Dette krev ei endring av forskrifta om jakttider. Eit minimumskrav for endring av ei forskrift er eit høyringsmøte kor interesserte/berørte kan leggja fram sine synspunkt. Etter at synspunkta er fremma skal kommunane gjera ei oppsummering og vurdera om kommunane framleis vil fremja søknaden om endra jakttid. Gjeldande forskrift om jakttider er å finna på følgjande side:
https://lovdata.no/dokument/SF/forskrift/2017-01-25-106?q=fangsttider
 
Forslaget til endring av forskrifta er som følgjande:
«Forskrift om utvidet jakttid for elg i kommunene Årdal, Lærdal og Aurland
Hjemmel: Fastsatt av Miljødirektoratet xxxx 2018 med hjemmel i forskrift 25. januar 2017 nr. 106 om jakt- og fangsttider samt sanking av egg og dun for jaktsesongene fra og med 1. april 2017 til og med 31. mars 2022 (jakttidsforskriften) § 7, jf. lov 19. juni 2009 nr. 100 om forvaltning av naturens mangfold (naturmangfoldloven) § 15 og § 16 og lov 29. mai 1981 nr. 38 om jakt og fangst av vilt (viltloven) § 9, § 24 og § 44, jf. delegeringsvedtak 30. april 2001 nr. 1670, delegeringsvedtak 15. mars 2013. nr. 283 og delegeringsvedtak 2. april 1982 nr. 592.
 
§ 1 Utvidet jakttid for elg
Startdato for jakt på elg endres fra 25. september til 1. september for kommunene Årdal, Lærdal, Aurland og Ulvik. Utvidelsen gjelder i perioden fra og med 2018 til og med 2021.»
Tips ein ven Skriv ut