A A A
Kontrastverktøy Kontrastverktøy

Startar med fjellsikring mellom Årdalstangen og Øvre Årdal

Statens Vegvesen

Førstkommande veke byrjar arbeidet med å setta opp sikringsnett over fv. 53 frå Vassbugen og gjennom Galden, like innafor Årdalstangen. Det blir varierande trafikkavvikling medan arbeidet pågår, med både manuell dirigering, lysregulering med ei køyrebane, samt stengingar på inntil ein halvtime (rutegåande bussar skal få passere).

Opp mot 700 m fanggjerde skal monterast, og det er eit omfattande arbeid, med mange forankringar som skal borast før nett kjem opp. Arbeidet skal vera ferdig til slutten av november.

Oppstart blir i løpet av førstkommande veke, med arbeidtider 07.00-19.00 måndag-fredag og 07.00-18.00 på laurdagar.

 

Tips ein ven Skriv ut