A A A
Kontrastverktøy Kontrastverktøy

FV53 Årdal - Fodnes oppdatert info

FV53 Årdal - Fodnes vart fredag kveld stengt grunna ras. Det har i dag vore synfaring av geolog med helikopter.

Etter synfaringa er det bestemt fylgjande:

* Vegen vert open laurdag 27. januar i tida kl. 11.00 - 17.00 med lyttevakt i området.

Den vert stengt frå laurdag 27. januar kl. 17.00 til måndag 29. januar kl. 09.00. Måndag 29. januar vert den open frå 09.00 - 09.15.
Stenging frå laurdag kl. 17.00 til måndag vert gjort da det er meldt store mengder nedbør og plussgrader.

Nødetatar får sleppe igjennom rasområdet i stengningsperioden.

Det vert sett inn ekstra beredskap på FV53 Årdal - Tyin, men værmeldingar kan også gje problem på denne strekninga.

Mandag morgon startar arbeidet med spyling i rasområdet.

Hald dykk oppdatert på Statens Vegvesen og Kringom.no.

Tips ein ven Skriv ut