Årets kulturpris og årdøl

Prisane vart utdelt på kommunestyremøte i dag.

 

Kulturprisar 2017.jpg
Gunvor Nordås (frå venstre) fekk i dag prisen "årets årdøl 2017" og "Kulturprisen 2017" vart tildelt Evy Kleiva. 

Årets årdøl er ei sprek dame som er frontfigur for å få godt vaksne folk ut på tur.
Ho er leiar i ei gruppe godt vaksne der trim og sosialt samvær er svært viktig for den generelle folkehelsa.
Ho legg til rette for flotte turopplevingar.
Ho er «limet» i gruppa. Med sitt vesen er ho ein flott leiar og ein ambassadør for å få turglade årdøler med på laget.
 
Gruppa det er snakk om er gålaget som er ei undergruppe til Årdal Turlag. Det var prisvinnaren som kom med idèen om å danne denne gruppa i 2007.
Turprogrammet hadde i 2017 28 turar. Det samla talet turdeltakarar dei to siste åra har hatt eit snitt på 1055 personar pr år.
 
Årets kulturprisvinnar er både nevenyttig og administrator. Ho har sidan 2003 vore husstyrar for ungdomshuset Solvang.
Kvart andre år har ho lakka tre strøk på 200 m2 golv.
Ho har beisa alle innervegger i sal og gang.
Ansvar for årleg dugnad og basar.
Ansvar for kjøken.
Til styremøter og årsmøter syter ho for kaffi og noko godt å bite i, og når det er «gladdans» kokar ho suppe som blir servert utpå natti.
 
Me gratulerer prisvinnarane!
Tips ein ven Skriv ut