A A A
Kontrastverktøy Kontrastverktøy

FV 53 mellom Årdalstangen og Øvre Årdal blir nattestengt i helga

Grunna opprydding etter ei utgliding i røysa over vegen ved Brennborg, blir fv. 53 stengt dei to kommande nettene frå 00.00 til 05.00.
Laurdag på dagtid vil det bli lite arbeid på anlegget, og trafikken vil mest truleg kun få korte stopp.

Arbeidet består seg i stabilisering og fjerning av stein i røys over vegen. Dette arbeidet blir utført med Menzi Muck som er ei gravemaskin tilpassa slikt arbeid.
Reinsk og stabilisering fører til at me får mykje stein i vegbane, og då må me stenge vegen for å få eit effektivt og trygt arbeid.

Det vil på dagtid i dag bli arbeida med flytting av lastebil, samt at det vil bli oppsett ein langsgåande sikring.
Det vil difor bli styrt trafikkavvikling (vakter/trafikklys), sidan me berre har ei vegbane open.
Målet er at me skal ha to vegbaner opne att, så snart me er ferdige med dette arbeidet. 
På dagtid i morgon vil det bli lite arbeid på anlegget, og trafikken vil mest truleg kun få korte stopp.

NB! Utrykningskjøretøy kan passere anlegget, dei skal berre melde til vakttelefon på vanleg måte.
Om anlegget får telefon om utrykning, vil me straks gjere det som er nødvendig for at køyretøy skal kunne passere på ein tryggast mogleg måte.
Dette vil og ligge inne i vedtak om stenging som blir sendt ut frå skiltmynde til Vegtrafikksentralen med fleire.

For å sikre at flest mogleg veit om stenginga, er det greitt om de vidaresender e-posten til sei som måtte ha nytte dette.

Tips ein ven Skriv ut