A A A
Kontrastverktøy Kontrastverktøy

Detaljreguleringsplan for Storevegen 67, Øvre Årdal

Planframlegget er lagt ut til offentleg ettersyn.

I samsvar med §12-10 i plan- og bygningslova vedtok formannskapet i møte 15. juni 2017, sak 177/17, å legge framlegg til Detaljreguleringsplan for Storevegen 67, Øvre Årdal ut til offentleg ettersyn. Planen femnar om eigedommen gnr 18, bnr 5, 17 og 23 samt tilgrensande kommunal veg/fortau.

Formålet med planarbeidet er å legge til rette for etablering av samankjeda bueiningar. Arealet sett av til bygg og anlegg utgjer 2,2 daa med ein grad av utnytting som varierer frå %-BYA = 40 til %-BYA = 60, der det kan førast opp bygg på inntil 3 etasjar.

Planframlegget er lagt ut til offentleg ettersyn. Merknader må sendast til Årdal kommune, Statsråd Evensensveg 4, 6885 Årdal, eller e-post: postmottak@ardal.kommune.no og vere kommunen i hende seinast 10. august 2017.

Vedlegg

Tips ein ven Skriv ut