A A A
Kontrastverktøy Kontrastverktøy

«Svøm langt»

Svøm langt 2017

I år skal vi til Kroatia.
Også i 2017 deltek Årdalshallen i den landsomfemnande kampanjen «Svøm langt».

Kampanjen gjeld å få flest mogeleg til å aktivisere seg med sømjing. Dette er ei av dei mest effektive treningsformer som fins, samstundes som den gjev minst skader. Det er difor viktig for oss som steller med idrett å sjå så mange deltakarar i hallen som mogeleg. Og så er det no godt å kome seg ut i godt og heitt vatn når mørketida står utanfor vindauga.

I 2016 var det om lag 50 deltakarar her i Årdal. Potensialet er mykje større. Det er enkelt å registrere seg, enten på kort i badevaktluka eller direkte på nett. Kvar meter tel i samandraget, og er helsegevinst for den som søm.
Dei 50 deltakarane la bak seg til saman over 223 000 meter i bassenget i kampanjetida frå 1. januar til 31. mars.

Den som deltek er med i trekning av ei veke ferieopphald i Kroatia, i tillegg til fleire andre flotte premiar. I tillegg legg vi ut nokre mindre lokale premiar som vert trekt mellom registrerte deltakarar.

Årdalshallen ønskjer alle sømjeinteresserte velkomen til framifrå trim no på etterjulsvinteren.

Tips ein ven Skriv ut