A A A
Kontrastverktøy Kontrastverktøy

Årets årdøl og kulturprisen 2016

Årets årdøl vart Steinar Drægni, og Kulturprisen gjekk til  «Indre Ofredals Vener» ved Harald Thune. Begge prisane vart delt ut i samband med kommunestyret sitt siste møte 15. desember 2016.

Kulturprisen 2016
Kulturprisen 2016 vart tildelt «Indre Ofredals Vener» ved Harald Thune, for det arbeidet som til no er lagt ned for å sikre Ofredalsanlegget «Ne’ fø’ sjøen» for framtida. I spissen for denne entusiastiske veneforeininga, står Harald Thune.

Årets Årdøl 2016.jpg Kulturpris2016.jpg
Årets årdøl Steinar Dragni fekk overekt gåva frå ordførar Arild ingar Lægreid
foto Hanne Stedje
Kulturprisen «Indre Ofredals Vener» ved Harald Thune fekk overekt gåva frå ordførar Arild Ingar Lægreid
foto Hanne Stedje


Årets årdøl
Steinar Drægni vart kåra til Årets årdøl 2016.
I omtalen han fekk frå kommunen står det mellom anna:
Saman med frivillige gjer han ein formidabel jobb med ungdomar og vaksne som har falle utanfor eller er arbeidsledige. Dei blir oppmuntra i eit meiningsfullt arbeidsfellesskap der godt vaksne folk er samtalepartnarar og stiller krav. Dagane vert meiningsfulle og skapar vilkår for vekst og utvikling.
På Gamleskulen tek han vare på dei frivillige og han er ein miljøskapar som ser det positive i det meste.
Prisen vart tildelt Steinar Drægni under ei tilstelling med kommunestyret 15. desember.

Tips ein ven Skriv ut