A A A
Kontrastverktøy Kontrastverktøy

Deltaking i veterinærvakta - vaktdistrikt Årdal, Lærdal og Aurland

veterinærvakt_256x200

Kommunane har ansvar for å organisere ei klinisk veterinærvakt. Ordninga med veterinærvakt er etabler i høve lov av 15.juni 2001 nr 75 om veterinærar og anna dyrehelsepersonell §3a.

For vaktdistrikt Årdal-Lærdal-Aurland ligg det føre ein kontraktsperiode frå 1.9.2013-31.8.2017. Ein av dei tre veterinærane i vaktordninga har sagt opp kontrakt med kommunane med verknad frå 1.2.2017. 

Me treng difor ein veterinær til å delta i vår vaktordning i tidsrommet 1.2.2017-31.8.2017. Pr no er det uavklart korleis veterinærvakta skal organiserast frå 1.9.2017. Me forventar at det vert lyst ut ny kontraktsperiode.

Dersom du har lyst til å komma til Lærdal å delta i veterinærvakta, ber me om at du melder di interesse innan 20.desember 2016. For meir informasjon ta kontakt med landbrukssjef Magnhild Aspevik på telefon 57641230 eller på e-post til magnhild.aspevik@laerdal.kommune.no

Kontaktinformasjon:
Lærdal kommune, boks 86, 6886  LÆRDAL
Telefon: 57641200
E-post: post@laerdal.kommune.no
Søknadsfrist 20.12.2016

For meir informasjon og krav til kompetanse legg me ved konkurransegrunnlag som vart nytta då vaktordninga vart lyst ut. Her kjem det fram kva krav som vert stilt til veterinæren og kva kommunen har å tilby. Det vert ikkje gjennomført konkurranse – sjå vekk frå dette i dokumentet.

Tips ein ven Skriv ut