A A A
Kontrastverktøy Kontrastverktøy

Tildeling av fellingsløyve i Årdal kommune 2016

hjort

Årdal kommune har tildelt fellingsløyve for jakt på hjort og elg for 2016. Fellingsløyve for hjortejakta er i tråd med godkjend bestandsplan for hjort i Årdal kommune. Tildeling av fellingsløyve for elgjakt er i tråd med gjeldande forvaltningsplan.

Med heimel i Forskrift om forvaltning av hjortevilt og Forvaltningsplan for hjortevilt i Årdal, Lærdal og Aurland kommune, har kommunen tildelt fylgjande fellingsløyve for hjortevilt i 2016:


Hjort: 212 fellingsløyve delt på 20 vald

Elg: 12 fellingsløyve delt på 7 vald

Vedtekne planar som ligg til grunn for tildelingane er vurdert etter Naturmangfaldlova §§ 8-12.

Tips ein ven Skriv ut