A A A
Kontrastverktøy Kontrastverktøy

Høyring Skulehelseplan Årdal kommune 2016-2020

Formannskapet gjorde 24. mai 2016 slikt vedtak:

Fskap-052/16 Vedtak:
Plan for skulehelsetenesta 2016-2020 vert lagt ut til offentleg gjennomsyn og høyring i 2 veker slik den ligg føre.

Denne planen er ein revisjon og oppgradering av Handlingsplan for skulehelsetenesta 2012 - 2016.

Utviklingstrekk i samfunnet fører til nye utfordringar og krav om nye strategiar med særleg vekt på førebygging og tidleg intervensjon. Skulehelsetenesta har fokus på barn og unge i alderen 6 – 20 år og har tett samarbeid med heim, skule og andre tenester.

I tillegg til ordinære helsetenester som vaksinasjonsprogram, måling av høgde og vekt, syn og høyrsel, er det førebyggande helsearbeidet av stor verdi anten dette er som klasseundevisning, gruppesamtalar eller i ein individuell samtale.

Alle høyringsuttaler vert inkludert i sak til formannskapet 14. juni 2016.

Høyringsfristen vert sett til 7. juni 2016

Uttale kan sendast til:
Årdal kommune, Statsråd Evensensveg 4, 6885 Årdalstangen, eller
E-post: postmottak@ardal.kommune.no

Skulehelseplan Årdal kommune 2016-2020

Tips ein ven Skriv ut