A A A
Kontrastverktøy Kontrastverktøy

UKM i Årdal 27. februar

Årets største ungdomsarrangement UKM er i gang i heile landet. I Årdal skal det lokale UKM arrangementet vere 27.februar, og det er fortsatt høve for unge talent å melde seg på.
Fristen for påmelding er 22. februar.

  • 1

UKM-Årdal er for alle mellom 10 og 19 år som har eit talent dei vil syne fram. For vidaresending til fylkesfestivalen 2.- 3-april er aldersgrensa 13-19 år.
Om det er hiphop, kunstfilm, eller om ein vil jobbe i kulissane speler inga rolle. Det er plass til det meste.

UKM Årdal vert arrangert laurdag 27. februar kl. 15.00 i Årdal kulturhus.

Inngangsbillett;
Born kr 30,-
Vaksne kr 50,-

Kafè i pausen

For meir informasjon:
Gunnvor Haug Moen (kommunekontakt UKM Årdal)
Mobil: 975 31 247
Epost: guha@ardal.kommune.no
Heimeside (med påmelding, nyheter og videoklipp): http://ukm.no/pl4233/

Om UKM:
UKM - Ung Kultur Møtes, er ein framføring- og utstillingsarena for ungdomskultur. Kvart år deltek 25000 ungdomar på UKM.
Deltakarane vert plukka ut av ein jury og vert vidaresendt i systemet for å representere sin kommune og sitt fylke. Ca 5000 ungdomar kjem vidare til 19 fylkesfestivalar og 500 får anledning til å delta på den nasjonale UKM festivalen i Trondheim.
UKM er aleine om å tilby ein arena for alle, fra sceneteknikk til morgondagen sine stjerner, fra breidde til kvalitet.
I tillegg er UKM en arrangørutviklingsarena for neste generasjons kulturarbeidarar.

Tilbodet er landsdekkande, gratis, offentleg og for alle.

Tips ein ven Skriv ut