A A A
Kontrastverktøy Kontrastverktøy

Årdal kommune på facebook

I dag har Årdal kommune publisert facebookside og me håpar at denne kan kome til nytte til å få ut informasjon om kommunen.

Me har valt Facebook som utgangspunkt for oppretting av kommunen sin første profil i eit sosialt medium. Oppretting av profilar i andre sosiale medium vil eventuelt skje når me ser dette som naudsynt eller formålstenleg.

For Årdal kommune vil facebooksida vere ein kommunikasjonskanal mot deler av innbyggarane som elles ikkje er i kontakt med kommunen, men den vil òg kunne fungere som ein ny kommunikasjonskanal for innbyggarar som allereie er i kontakt med kommunen. Facebooksida skal supplere og ikkje erstatte andre tradisjonelle kommunikasjonskanalar med kommunen.

Redaktøransvaret for hovudprofilen er lagt til Tenestetorget/Leiar av støttestab og ansvaret gjeld oppdatering, publisering, vedlikehald av kommunen sin hovudprofil.

Saker og dokument som krevst sakshandsaming skal fortsatt sendast til kommunen si postadresse eller til postmottak@ardal.kommune.no.

Årdal kommune si facebookside.

Tips ein ven Skriv ut