A A A
Kontrastverktøy Kontrastverktøy

Kulturpris/Årets årdøl 2015

Frist for innspel er 6. november

 

Kulturpris

    • Årdal kommune kan kvart år dele ut ein kulturpris. Prisen vert gjeve til einskildpersonar eller organisasjonar som har tilknyting til kulturlivet i kommunen. Det kan vera på område som lagsarbeid, utøvande kunstnarleg verksemd, bygningsvern/kulturminnevern eller anna nærmiljøarbeid
    • Vedvarande arbeid over fleire år, eller ein heilt spesiell innsats, kvalifiserer i særleg grad til prisen.
    • Føremålet med prisen er å stimulera kulturlivet i kommunen ved å gje honnør for spesielt god innsats på området. Same personen kan berre unntaksvis motta prisen meir enn ein gong.

Årets årdøl

    • Prisen vert gjeve til personar eller grupper som har gjort ein særleg innsats for andre menneske, eller ein særleg innsats til beste for bygda gjeldande år.
    • Personar eller grupper som har sett Årdal på kartet på ein positiv måte / profilert Årdal godt utad, kan også motta prisen.

 

Alle vert oppfordra om å sende inn grunngjevne framlegg til aktuelle kandidatar. Kommunen kan også sjølv foreslå kandidatar.

Ein av desse, eller begge, prisane kan delast ut kvart år. Tildelinga av prisane vert avgjort i Formannskapet, og delt ut under kommunestyremøte i desember.

 

Kvar av prisane er på kr. 5000,-.

 

Frist for innspel er 6. november 2015.

Innspela skal sendast til Årdal kommune, Statsråd Evensensveg 4, 6885 Årdalstangen

eller e-post: postmottak@ardal.kommune.no

Tips ein ven Skriv ut