A A A
Kontrastverktøy Kontrastverktøy

Valdeltaking i Årdal

Litt nøkkeltal etter at alle røystesetlar er registrert.
 

  • 1

Årdal har 4326 personar med røysterett til kommune- og fylkestingvalet i 2015. I år mottok me 612 førehandsrøyster og det var 2300 som nytta seg av røysteretten på sjølve valdagen. 

På valdagen 14. september hadde Øvre Årdal krins 53,6% valdeltaking og Årdalstangen krins fekk 52,42% valdeltaking.

Samla for heile kommune inkl. førehandsrøyster vart valdeltakinga på 67,3% for kommunevalet og 61,5 til fylkestingvalet.

Ikkje alle røystar på begge val og det ser me igjen på tal stemmesetlar som vert talde.

 

 

Tips ein ven Skriv ut