A A A
Kontrastverktøy Kontrastverktøy

Kunngjering av nye adressenamn i Årdal

I Ksak 017/15 vedtok Årdal kommunestyre 13 nye adressenamn i Årdal kommune. 


Etter stadnamnlova er det berre skrivemåten av adressenamnet som kan påklagast. Det er ikkje klagerett på namnevalet.

Det er fyrst og fremst lokale organisasjonar med tilknyting til namnet, t.d. historielag, og offentlige organ t.d. Kartverket som har klagerett. Eigar eller festar har ikkje klagerett på skrivemåten av eit adressenamn etter stadnamnlova.

Etter § 10 i forskrifta til stadnamnlova skal ein klage alltid grunngjevast. Klagefrist er 3 veker frå melding om vedtak er kunngjort. Ei eventuell klage skal vera skrifteleg og sendast til Årdal kommune, Statsråd Evensensveg 4, 6885 Årdalstangen eller postmottak@ardal.kommune.no

Oversikt over dei vedtekne adressenamna og kommunestyret sitt vedtak er lagt ut på Tenestetorget, biblioteket og kommunen si heimeside.

Ksak 017/15 Endeleg vedtak av 13 nye vegadresser

Adresseparsellar Indre Offerdal

Kartutsnitt Naddvik m/vegparsellar

Kartutsnitt med merka parseller, Tyedalen

 

 

 

Tips ein ven Skriv ut