A A A
Kontrastverktøy Kontrastverktøy

Høyring - utbygging av breiband i Årdal

Årdal kommune vil søkje om tilskot til utbygging av breiband i kommunen. Eit av krava i søknaden er at planen for utbygging skal vere til høyring i ein månad. Bedrifter og  innbyggjarar som ynskjer å uttala seg til høyringa må gjere dette innan 1.mai 2015.

Kommunen arbeider for at innbyggarane skal ha eit godt og stabilt tilbod om digital kommunikasjon både gjennom fast- og mobilnett. Det er bygd ut fiberbasert aksessnett i deler av kommunen, men mange har framleis eit aksessnett basert på ADSL og radiolinje med låg kapasitet og kvalitet, og nokon stadar er det ikkje tilstrekkeleg for å få dekning i det heile.

Dagens samfunn baserer store deler av tenestetilbodet på at innbyggjarane har tilgang til internett. Sogn og Fjordane er det fylket i landet med dårlegast dekning av høghastigheits breiband. Utbyggingsbehovet i kommunane er stort.

For å betre situasjonen i kommunen vil Årdal kommune søkje om finansiering til å bygge ut høghastigheit breiband til innbyggarar, næringsliv og offentlige institusjonar i område som i dag manglar eit tilfredstillande tilbod. Vi ser på følgjande områder i denne søknadsrunden, i prioritert rekkjefølgje:

1.    Seimsdalen (øvste delen)
2.    Fardalen

Regjeringa har gitt "Nasjonal kommunikasjonsmyndighet" (NKOM) i oppgåve å administrera tilskotsordninga. Kommunar og fylkeskommunar kan søkja NKOM om støtte. Det vert ei utlysing i 2015, og me forventar at ordninga vert forlenga med fleire søknadsrundar seinare.

I samband med søknaden vil vi invitere verksemder og innbyggjarar til å komme med innspel i forhold til utbyggingsplan kommunen.

Frist for høyringa er 1.mai. Innspel kan sendast på e-post til postmottak@ardal.kommune.no og merkast "høyringsuttale breibandutbygging”.

Tips ein ven Skriv ut