A A A
Kontrastverktøy Kontrastverktøy

Årdal Røde Kors - Besøksteneste

Er du ein som kunne tenke deg besøk av 2 kjekke damer for ein prat om kvardagen, lese gjennom avisa, diskutere nyhende i bygda.

Røde kors besøksteneste er ein frivillig organisasjon, som besøker langtidsbuande på sjukeheimane, og nytt i år er at besøker dei som bur heime som er langtidssjuke eller einsame og ønsker nokon å prate med i kvardagen.

Det er ikkje faste besøk kvar veke, men de gjer avtale for kvar gong.
Røde kors utfører ikkje oppdrag for deg, men kan saman med deg planlegge kafètur der du brukar transportkortet ditt til å komme til og frå.
For tida er det 13 besøksvenner i aktiv teneste i Årdal. Nye besøksvener er nett komne til, og dei er no klare til å treffe deg !

Du kan melda deg på til heimesjukepleie ved Mette Kleiva på tlf. 57665256 eller til Bente Ålsberg Nesse på tlf. 57665305.

Tips ein ven Skriv ut